Førehandsrøysting til stortingsvalet og sametingsvalet 2025

Dersom du ikkje kan, eller vil, røyste på valdagen, så kan du førehandsrøyste frå 11. august til 5. september. 

Førehandsrøyste kan alle med røysterett gjere, anten i den kommunen du er busett i, eller i ein av dei andre kommunane i Noreg. 

Tid og stad

Måndag til fredag mellom 11. august og 5. september

Klokka 09.00–15.30: Servicekontoret, rådhuset i Svelgen

På rådhuset kan du også førehandsrøyste laurdag 30. august 11.00–14.00 og torsdag 4. september 09.00–19.00.

Onsdag 20. august

Klokka 17.00–19.00: Vestibylen Hauge skule, Bremanger

Onsdag 27. august

Klokka 16.30–18.00: Kolset oppvekst
Klokka 18.45–20.00: Berle grendahus

Laurdag 30. august

Klokka 11.00–14.00: Servicekontoret, rådhuset
Klokka 11.00–14.00: Vestibylen Hauge skule, Bremanger

Tysdag 2. september

Klokka 12.30–13.30: Haugetun og Hogslia (berre for bebuarane) 
Klokka 14.30–15.30: Bremanger sjukeheim 
Klokka 17.00–19.00: Kalvåg oppvekst

Onsdag 3. september

Klokka 10.30–12.00: Svelgen omsorgssenter
Klokka 15.00–16.00: Klokkartunet (berre for bebuarane)
Klokka 16.30–17.30: Nærbutikken Davik
Klokka 18.30–19.30: Ålfoten oppvekstsenter

Torsdag 4. september

Klokka 09.00–19.00: Servicekontoret, rådhuset