Kommunestyret er det øvste kommunale organet og treff vedtak på vegne av kommunen, om ikkje anna følgjer av lovar, delegeringsvedtak eller økonomireglement, jf. kommunelova § 5-3. Det er kommunestyret sjølve som fattar dei viktigaste avgjerdene av politisk og økonomisk karakter.
Dei skal avlastast for einskildsaker og fortrinnsvis handsame saker der det er naudsynt med grundig politisk handsaming.
Kommunestyret er valt av innbyggarane i kommunen, valet skjer kvart fjerde år.
Bremanger kommune har 23 representantar som sit i kommunestyret.
Desse representantane er valde for perioden 2023-2027:
- Arbeidarpartiet – 6 representantar
- Høgre - 3 representantar
- Industri- og Næringspartiet - 3 representantar
- Krf – 1 representant
- Senterpartiet – 4 representantar
- SV – 1 representant
- Venstre – 5 representantar
Øvste leiar i kommunestyret er ordførar Anne Kristin Førde frå Arbeidarpartiet.
Kommunestyret handsamar mellom anna desse sakene:
- Saker der lov eller forskrift forbyr delegering
- Oppnemning av folkevalde og andre kommunale organ etter kommunelova §§ 5-1 og 5-2, med mindre anna går fram av delegering til det einskilde organ. Folkevalde organ kan likevel sjølv opprette arbeidsutval.
- Val av medlemmer til folkevalde og andre kommunale organ jf. kommunelova kap. 5, med mindre anna går fram av delegering til det einskilde organ
- Avtalar om interkommunale samarbeid etter kommunelova kap. 17 og lov om interkommunale selskap
- Endringar i årsbudsjettet, jf. kommunelova § 14-5
- Avgifter, gebyr eller betaling til kommunen, dersom ikkje mynda særskild er lagt til anna organ gjennom lov, forskrift eller av kommunestyret sjølv
Kommunestyret har øvste tilsynet med den kommunale forvaltninga og kan krevje å bli orientert om eller fatte vedtak i alle forvaltningssaker, jf. kommunelova § 22-1.
Kommunestyret kan gjere om vedtak fatta av andre folkevalde organ eller administrasjonen i same utstrekning som desse organa kan gjere om vedtaket sjølv.
Oversikt over representantane i Kommunestyret
Lovar og reglar