Formannskapet

Formannskapet er eit folkevald organ som er saksførebuande til kommunestyret.

Formannskapet er det nest øvste politiske organet i Bremanger kommune.
Formannskapet består av eit utval av kommunestyret sine medlemmar, deriblant ordførar og varaordførar. I Bremanger har formannskapet sju medlemmar.

Formannskapet for perioden 2023-2027 er sett saman slik:

  • Arbeidarpartiet - 2 medlemmar
  • Høgre - 1 medlem
  • Industri- og Næringspartiet - 1 medlem
  • Senterpartiet - 1 medlem
  • Venstre - 2 medlemmar

Leiar i formannskapet er ordførar.

Formannskapet handsamar forslag til økonomiplan, årsbudsjett og skattevedtak.

Dei fleste sakene som skal handsamast i kommunestyret, skal fyrst fremjast for formannskapet, som vedtek innstilling i saka. 

Dei har delegert mynde til å 

  • avgjere saker av prinsipiell karakter når mynda ikkje er lagt til kommunestyret, eit anna organ, eller kommunedirektøren
  • fatte vedtak i hastesaker på kommunestyret sitt område
  • velje medlemmer til styre råd og utval når lovverket ikkje krev at kommunestyret sjølv skal gjere valet
  • vedta planar som kommunen er pliktig å utarbeide, dersom ikkje kommunestyret er vedtaksmynde
  • I saker der kommunedirektøren er inhabil
  • utøve laupande eigarstyring på vegne av kommunen, inkludert å oppnemne eller føreslå kommunen sine representantar til styrande organ, med mindre anna er bestemt
  • å kjøpe, selje og forvalte kommunal eigedom dersom det ikkje er delegert til kommunedirektør, eller er av ein karakter som gjer at det må avgjerast av kommunestyret sjølv
  • vedtaksmynde som fast utval i plansaker

I saker der formannskapet har fått delegert mynde frå kommunestyret, kan 2 medlemer eller ordførar før møtet er slutt, krevje saka lagt fram for kommunestyret. 

Oversikt over medlemmane i Formannskapet

Lovar og reglar