Ordførar og varaordførar

Ordføraren er den øvste offisielle tillitsvalde i kommunen, varaordførar trer inn i vervet til ordførar ved fråvær.

Ordførar

Ordførar i Bremanger er Anne Kristin Førde frå Arbeidarpartiet. Ho vart vald inn for ein ny periode den 5. oktober 2023-2027, dette er hennar andre periode som ordførar.

Ho er  vald av dei folkevalde  kommunestyrerepresentantane i kommunestyret.

Ordførar si oppgåve er mellom anna å lede møta i kommunestyret og formannskapet. Ho har møte- og talerett i alle andre kommunale organ, men har berre røysterett i dei organa ho er medlem i.
Ho er den rettslege representanten for kommunen,  og skriv under på kommunen sine vegne dersom myndigheita ikkje er tildelt til nokre andre. Ordførar har ei offisiell rolle i tillegg til det politiske og representera kommunen i ulike samanhengar. 

Kontaktinfo

E-post: anne.kristin.forde@bremanger.kommune.no
Telefon: 991 69 091

Varaordførar

Varaordførar i Bremanger er  Svein Olav Senneset frå Venstre.   Han vart vald som varaordførar den 5. oktober 2023-2027, dette er hans andre periode som folkevald.

Han er vald av dei folkevalde kommunestyrerepresentantane i kommunestyret.

Oppgåva til varaordførar er å avløyse ordførar og ta over ordføraren sine funksjonar i høve ferieavvikling, permisjonar, sjukdom og liknande.  

Kontaktinfo

E-post: svein.olav.senneset@icloud.com
Telefon: 974 38 064 

Lovar og reglar

Kommunelova