Bremanger kommune har inkluderande og trygge oppvekstmiljø som fremjar sosial kompetanse, meistring, tilhøyrsle og god helse.
Vidare vart resultatmålet for aktuell fase vedtatt slik:
Det skal innan 30.09.2021 utarbeidast ein temaplan for barn og unge. Planen skal innehalde strategiar og tiltak for å sikre at mål og delmål i kommuneplanen sin samfunnsdel 2021-2033 vert oppfylte. I temaplanen skal vi derfor fokusere på tidleg innsats, likeverdige, trygge og gode opplæringsarenaer, der barn og unge opplever meistring ut i frå eigne føresetnader, herunder:
- Skulekrinsar og kriterium for drift av skular og barnehagar
- Kultur- og fritidstilbod
- Helsetilbod og andre støttande tiltak
Temaplanen for barn og unge baserer seg på tilgjengeleg kunnskapsgrunnlag og er utarbeidd med brei medverknad. Dette vart sikra gjennom prosjektorganiseringa og høyring før endeleg handsaming i kommunestyret.
Temaplan for barn og unge (PDF, 2 MB)