Kulturmiljøplan for Bremanger kommune 2021-2030, med handlingsdel for 2021-2024, vart vedteke av kommunestyret i Bremanger 25.03.2021.
Planen er ein tematisk kommunedelplan, med ein handlingsdel som skal rullerast årleg. Dette er den første kulturmiljøplanen for Bremanger kommune.
Målet med planen er å formidle kunnskap om kulturmiljø og kulturminne og verdien av desse til kommunen sine innbyggjarar. Planen vil gje føringar for eigarar av kulturminne, og nyttast av forvaltninga i areal-, plan- og byggjesaker.
Kulturmiljøplanen skal medverke til:
- Auka kunnskap og medvit om kulturmiljøverdiane i kommunen, samt styrke innbyggarane si stoltheit og identitet knytt til eigen kulturarv.
- Oversyn og verdsetting av viktige kulturminne, kulturmiljø og -landskap.
- Betre forvaltning av kulturmiljø blant anna gjennom bruk av plan- og bygningslova.
- Utvikling av eit godt samarbeid mellom ulike kulturmiljøaktørar.
- Nytte dei lokale kulturmiljøa aktivt i kommunen sitt utviklings- og verdiskapingsarbeid.
Publisert 08.06.2024 11.43
Sist endra 08.08.2024 14.44