Kommunestyret skal kvar valperiode, seinast innan eitt år etter konstituering, utarbeide og vedta ein kommunal planstrategi. Planstrategien bør omfatte ei drøfting av kommunen sine strategiske val knytt til samfunnsutvikling, som langsiktig arealbruk, miljøutfordringar, drifta av dei ulike sektorane og ei vurdering av kommunen sitt planbehov i valperioden.
I arbeidet med kommunal planstrategi skal kommunen innhente synspunkt frå statlege og regionale organ og nabokommunar, og kommunen bør også legge opp til brei medverknad og allmenn debatt som grunnlag for handsaminga. Forslag til vedtak i kommunestyret skal gjerast offentleg minst 30 dager før kommunestyret si handsaming.
Ved handsaminga skal kommunestyret ta stilling til om gjeldande kommuneplan eller deler av denne skal reviderast, eller om planen skal videreførast utan endringar. Kommunestyret kan då ta stilling til om det er behov for å setje igong arbeid med nye arealplanar i valperioden, eller om gjeldande planar bør reviderast eller opphevast.
Kommunal planstrategi (PDF, 958 kB)