Målgruppe
- Personar med funksjonsnedsetjing
- Eldre som ynskjer å utføre førebyggande tilpassingstiltak
Tilskot til utgreiing og prosjektering av tilretteleggingstiltak
Du kan søkje om tilskot til utgreiing og/eller prosjektering dersom du har behov for å få gjort tilrettelegging av bustaden din.
Tilskot til utgreiing kan nyttast til kartlegging av:
- Avgrensingar i noverande bustad
- Uteområde og tilkomst
- Tilgjenge inne
- Arealbehov
- Om søkjar har økonomi til å finansiere tilpassinga sjølv eller om det er behov for lån og/eller tilskot frå kommunen.
Tilskotet vert utbetalt etter tilsegn og etter dokumentasjon av faktiske kostnader med utgreiinga.
Tilskot til prosjektering kan gå til å dekkje kostnader til fagleg hjelp til prosjektering, det vil seie kostnad med arkitekt eller annan fagkunnig. Tilskot til prosjektering kan dekkje utgifter på inntil 20 000 kroner. For tilpassing av noverande bustader, kan du få inntil 20 000 kr i tilskot til utgreiing som grunnlag for prosjekteringa.
Tilskot til tilpassing av bustad
Du kan søkje om tilskot til tilpassing av bustad dersom du treng små eller store tilpassingar av bustaden for å bli buande. Du må då ha konkrete planar for kva tiltak du ynskjer å gjere, og kostnadsoverslag/pristilbod på arbeidet.
Storleiken på tilskotet vert vurdert ut frå tilgjengelege midlar og søkjar si eiga evne til å finansiere tiltaka enten med eigne midlar eller lån/startlån. Det vert også sett på høvet til å kombinere tilskot med andre offentlege støtteordningar, som t.d. NAV sine ordningar for økonomisk tilskot til ombygging i staden for rampe og heis, for å oppnå ein varig tilrettelagt bustad. Tilskot til ombygging - nav.no.
Ordninga er behovsprøvd. Kommunen vil prioritere søknader der det ligg føre eit behov for tilpassing.
Du kan få tilskot til tilpassing både i eigd og leigd bustad. I leigebustad må huseigar godkjenna arbeidet som skal gjerast.
Kriteriar for tilskota
Utgreiing og prosjektering skal utførast av fagkunnige, og søknad skal vere i samråd med ergoterapitenesta i kommunen. Alminneleg vedlikehald er ikkje innanfor rammene til tilskota.
Tilskot til bustadtilpassing vil vere økonomisk behovsprøvd, og du må ha dokumentasjon på behovet for å få utført tilpassinga (lækjarerklæring, uttale frå ergoterapeut eller tilsvarande).
Utbetaling av tildelt tilskot skjer når søkjar har dokumentert at arbeidet er utført og kostnadane fakturert.
Tildelt tilskot over kr 40 000 vert gjeve med pant i bustad og avskrive med 20 % pr år frå utbetalingsdatoen. Dersom du sel bustaden før det har gått 5 år må du betale tilbake ikkje avskriven del av tilskotet.
Søknadsskjema
Søknadsfrist
Søknader vert handsama fortløpande. Tildeling skjer ut frå tilgjengelege rammer og er avhengig av behovet for tilpassing.
Meir informasjon om tilskotsordningane kan du finne på Husbanken sine nettsider.
Klage
Etter forvaltningslova §28 har du klagerett på vedtak som vert gjort. Frist for klage er tre veker etter at du har motteke vedtaket.
Lover og reglar