Ordinært startlån med Husbanken

Ordinært startlån er for dei som har hatt med problem med å få bustadlån i privat bank av ulike grunnar. 

Målet med startlånsordningane til Husbanken er å hjelpe personar inn i bustadmarknaden, sjølv om du har fått avslag på lån frå privat bank. Bremanger kommune behandlar søknaden din. 

Kven kan få lånet?

  • Du som ikkje får lån i vanleg bank, og ikkje kan spare opp eigenkapital. 
  • Barnefamiliar
  • Mottek trygd eller andre offentlege ytingar. 
  • Du som kan miste bustaden grunna bustadgjeld. 
  • Du som har spesielle sosiale eller helsemessige utfordringar. 
  • Du som har behov for å tilretteleggje bustaden til funksjonsevne.
  • Du som ønskjer å kjøpe, byggje, utbetre eller tilpasse bustad i ein distriktskommune. 

Krav

Du må ha fått avslag på vanleg bustadlån i privat bank for å få startlån. 

Det er ikkje krav til eigenkapital.

Kva kan du bruke lånet til?

  • Kjøpe ny eller gammal bustad. 
  • Tilretteleggje eller utbetre bustad. 
  • Byggje bustad. 
  • Refinansiere dyre lån med pant i eiga bustad. 

Kombinere støtteordningar

I Bremanger kommune kan den som etablerer seg i kommunen for første gong også søkje bustadtilskot til førstegongsetablerarar. Dette bustadtilskotet kan kombinerast med startlån dersom du oppfyller krava for begge. 

For deg som vil søkje ordinært startlån