Kva plan gjeld for min eigedom?

Bremanger kommune har eit digitalt planarkiv som inneheld alle gjeldande reguleringsplanar med tilhøyrande føresegner. 

For å finne kva plan og føremål som gjeld for eigedommen din eller eit bestemt område, kan du gjere det slik:

Gjennom det digitale planregisteret:

Gå inn på arealplaner.no og søk opp eigedom eller adresse for å finne alle planar som gjeld for eigedommen. Dersom du veit plannamnet eller planid. kan du også søkje på dette.

Vidare kan du velje kva plan du ynskjer å sjå.

I kommunekartet:

  1. Gå inn i kommunekartet Bremangerkart
  2. Søk opp eigedommen din, med gards- og bruksnummer eller adresse
  3. Trykk på «Kartlag» oppe til venstre i biletet
  4. Vel «Reguleringsplan på bakken» i menyen som kjem opp til høgre i biletet
  5. Dersom det er reguleringsplan som gjeld for eigedommen din kjem plankartet opp i biletet, eventuelt er plangrensa vist med svart stipla strek rundt området som er regulert
  6. Ved å klikke på føremålet eller innanfor plangrensa, vil du få opp ein ny meny til høgre i biletet (Kartlagsinfo for valgt punkt).
  7. Klikk på underpunktet «Reguleringsplan» for å få opp informasjon om planen
  8. Klikk vidare på «Planregister» for å komme til det digitale planregisteret, der plankart, føresegner og andre plandokument er tilgjengelege

 

Dersom du ikkje får opp nokon planer når du prøvar desse alternativa, kan det vere at det ikkje er reguleringsplan for eigedommen din. Ta eventuelt kontakt med driftseining plan og forvaltning i kommunen for å avklare dette, og kva reglar som gjeld for eigedommen då.