Korleis kan du lage ein reguleringsplan

Privatpersonar, organisasjonar og andre kan fremme forslag til reguleringsplan, men planen må utarbeidast av fagkunnige.

Krav til reguleringsplanen

Fagkunnig/plankonsulent skal ha god kunnskap om plan- og bygningslova og krava som er stilt til utarbeiding av ein reguleringsplan. Den fagkunnige skal ha kompetanse til å vurdere kva utgreiingar som skal gjerast i planarbeidet, og knyte til seg anna relevant fagkompetanse der dette er nødvendig. Plankonsulenten skal levere eit formelt sett feilfritt forslag til reguleringsplan med plankart, føresegner og planomtale, inkludert ROS-analyse og vurdering av konsekvensar i samsvar med gjeldande lovverk. I tillegg skal faglege utgreiingar av tema som skred, flaum, støy osv. leggjast ved når det er behov for dette.