For nokon reguleringsendringar er det lagt opp til ein enklare prosess.
Dette gjeld endringar som:
- i lita grad vil påverke gjennomføringa av planen elles
- ikkje går utover hovudrammene i planen
- ikke råkar omsynet til viktige natur- og friluftsområde
Dersom du ynskjer å få endra ein plan må du ta kontakt med kommunen for å få avklara om endringa kan gjerast etter forenkla prosess. Deretter må du kontakte ein konsulent som har fagkompetanse på reguleringsplan.
Når det er laga eit komplett forslag til reguleringsplan skal planendringa, skal forslaget leggjast fram for nasjonale- og regionale mynde (Statsforvaltaren, fylkeskommunen m.fl.), grunneigarar og festarar av eigedommar som endringa gjeld og andre som vert direkte påverka av endringa, slik at desse får høve til å uttale seg. Det er ikkje krav om å legge endringsforslaget ut til offentleg ettersyn.
Uttalefristen er normalt sett til fire veker, men med lengre fristar i samband med sommarferie og jul- og påskehøgtider.
Etter at uttalefristen er ute vert eventuelle merknader gjennomgått og endringa vurdert nøyare, før saka vert lagt fram for formannskapet til vedtak.
Når vedtaket er gjort, skal plankonsulent sørgje for at oppdatert planmateriale blir sendt til kommunen. Kommunen legg inn vedteken versjon av planen i det digitale planregisteret, kunngjer vedteken endring i avis og på heimesida til kommunen, og sender brev med varsel direkte til dei som vert påverka av endringa.
Vedtak om endring av reguleringsplan kan klagast på av dei som er part i saka eller av andre som har sterke interesser i saka.
Klagefristen er tre veker frå vedtaket er kunngjort eller varselet er motteke.