Du må skrive eigen søknad om dispensasjon. Du kan velje om du vil søkje dispensasjon først, og seinare søkje om sjølve tiltaket, eller å søkje dispensasjon samtidig som du søkjer om sjølve tiltaket.
Dispensasjonssøknaden skal innehalde:
- Ei kort skildring av tiltaket og kva det vert søkt dispensasjon i frå. Illustrer gjerne med bilete eller teikningar.
- Ei utgreiing av kva fordelar og ulemper som talar for/mot dispensasjon.
- Situasjonskart/Kartutsnitt som viser plassering av tiltaket. Dette må vere målsett.
- For bygg må du leggje ved plan, snitt – og fasadeteikningar med terrengliner, i målestokk 1:100. Teikningane må vere målsette.
- For terrenginngrep som vegar, murar etc. må du leggje ved terrengsnitt som viser eksisterande og nytt terreng. Terrengsnitta må vere målsette.
- Dispensasjonssøknader skal nabovarslast, og grunngjeving for søknad om dispensasjon skal leggjast ved varselet. Gjenpart av nabovarselet og kvittering for nabovarsel skal leggjast ved søknaden.
Grunngjeven søknad skal sendast til post@bremanger.kommune.no, eventuelt saman med søknad om løyve til tiltak, eller du kan også sende det i posten til: Bremanger kommune, Postboks 104, 6721 SVELGEN. Dersom du søkjer om løyve til tiltak digitalt kan du også legge inn dispensasjonssøknaden der.
Skjema for søknad om dispensasjon (DOC, 42 kB)