Når kommunen har fått krav om samanslåing, vil vi kontrollere kravet opp mot følgjande vilkår:
- Det må vere same eigar på eigedomane som skal samanslåast.
- Eigedomane må ligge i same kommune. I etterkant må dei utgjere ein samanhengande eigedom, men kommunen kan gjere unntak frå dette i visse høve.
- Samanslåing kan gjennomførast dersom den ikkje fører til prioritetskollisjon mellom panthavarar. Prioritetskollisjon vil vere når eigedommane som skal slåast saman har ulike tinglyste pengehefte eller burettar/leigekontrakter eller tilsvarande som er likestilt med pengehefte. Kva hefte som er på eigedommen kan de finne på seeiendom. Slike hefte vil vere opplista på grunnboksbladet til eigedommen. For å få unngå prioritetskollisjon må ein eller fleire av hefta slettast eller vike prioritet før samanslåinga kan tinglysast. Dersom det er heilt like hefte på dei to eigedommane, eller berre den eigedommen har slike hefte er det som regel ikkje prioritetskollisjon.
- Samanslåing av festegrunn kan berre skje dersom festekontraktane er likelydande og festegrunnane ligg på same grunneigedom.
- Når vilkåra for samanslåing er oppfylt, sender kommunen melding til tinglysinga.
Kommunen sender matrikkelbrev til eigar når tinglysing er gjennomført.