Avklaring av eksisterande grenser
Om det er uklart kvar grensene går mellom to eigedomar, så kan du søkje kommunen om å få avklara grensene med ein oppmålingsforretning.
Avklaring av eksisterande grenser kan du krevje for nymerking av eksisterande grensepunkt som tidlegare er fastsett i oppmålingsforretning.
Avklaring av eksisterande grense kan også krevjast for eigedomar som ikkje tidlegare er merka, men er fastsett i ein oppmålingsforretning/kartforretning/skylddelingsforretning.
Du søkjer om å påvise ei grense ved å fylje ut søknadsskjema: rekvisisjon for oppmålingsforretning og matrikkelføring etter matrikkelloven.
Søknad om å påvise grenser
Situasjonskart som tydeleg viser grenselinjer og grensepunkt du ynskjer å få klarlagt.
Søknad med vedlegg sendast til kommunen på e-post eller via post.
Publisert 22.05.2024 11.26
Sist endra 22.05.2024 11.26