Matrikkelbrev

Eit matrikkelbrev er ei attestert utskrift som viser alle registrerte opplysningar om ein konkret matrikkeleining (eigedom) ved ein gjeven dato. 

At matrikkelbrevet er attestert betyr at kommunen skriftleg stadfestar at opplysningane er i samsvar med innhaldet i matrikkelen. Det betyr altså ikkje at kommunen går god for at alle opplysningane i matrikkelen er korrekte. Om du meiner opplysningane i matrikkelen er feil, har du moglegheit til å endre dei, om vilkåra for det er oppfylt. 

 

Kommunen sender deg matrikkelbrev etter fullført oppmålingsforretning 

Så snart ei sak etter matrikkellova § 24  er fullført, for eksempel ei oppmålingsforretning, skal du motta matrikkelbrev om din eigedom. Dette er ein dokumentasjon eller ei stadfesting på at resultatet av forretninga er ført i matrikkelen. Eit matrikkelbrev vil vere eit bevis på at du har vore kjent med det som stod i matrikkelen på den datoen. I oversendinga av matrikkelbrevet skal det også opplysast om retten til å klage, og om klagefristane.

 

Du kan bestille matrikkelbrev ved behov

Du kan også bestille matrikkelbrev hos kommunen ved behov. Kommunen tar då eit gebyr på

  • 175 kroner for matrikkelbrev under 10 sider
  • 350 kroner for matrikkelbrev over 10 sider

 

Kva er matrikkel?

Sjå kartverket si nettside om matrikkelen