Kommunen vil vurdere om søknaden oppfyller krava til grensejustering. Om dette er tilfelle vil partane bli kalla inn til oppmålingsforretning i marka. På forretninga vil eksisterande grenser bli avklart og ny grenser påvist og merka. Etter forretninga vil søkjar få tilsendt matrikkelbrev.
Oppmålingsforretning skal vere gjennomført innan 16 veker frå kommunen får rekvisisjonen.
Fristen vert forlenga dersom kommunen treng meir dokumentasjon og i vinterperioden.