Tilskot til bustadbygging

Kommunestyret i Bremanger vedtok 19.09.2019 å innføre nytt tilskot til bustadbygging frå 01.01.2020 etter desse retningslinene:

  1. Tilskotet skal nyttast til bygging av heilårsbustad.
  2. Avgrensa tilskot (25 % av tilskotssummen) kan gjevast ved kjøp av nybygt husvære i fleirbustadbygg. Husværet må nyttast til heilårsbustad.
  3. Ordninga omfattar ikkje påbygg, tilbygg eller renovering av allereie eksisterande bustad.
  4. Søkjar må vere eigar av bustaden.
  5. Bustaden skal ikkje nyttast til næring eller kortidsutleige som Airbnb og liknande.
  6. Tilskotet vert gjeve med pant i bustaden, og vert nedskrive med 20 % kvart år.
  7. Den som mottek tilskotet må busetje seg i bustaden, og stå med folkeregistrert adresse i Bremanger kommune.
  8. Ein husstand kan kun få tilskot ein gong.
  9. Dersom bustaden vert seld eller fråflytta innan 5 år frå motteke tilskot må del av tilskot som ikkje er nedskrive betalast tilbake.
  10. Bygging av bustad må vere begynt innan 1 år etter innvilga tilskot. Dersom ikkje fell tilskotet bort. 
  11. Utbetaling av tilskotet skjer etter framlagt ferdigattest. Søkjar må vere registrert busett i kommunen ved utbetaling av tilskotet.
  12. Søknader vert avgjort av rådmannen, med klagenemnda som klageinstans.
  13. Ordninga gjeld frå 01.01.2020, og bustader som er tekne i bruk før 01.01.2020 er ikkje omfatta av ordninga.
  14. Ordninga og tilskotsbeløpet skal evaluerast årleg.

Tilskotet er sett til kr 200 000 for bustadhus og kr 50 000 for kjøp av nybygt bustad i fleirbustadbygg. 

Korleis søkje?

Søknad om tilskot kan sendast til Bremanger kommune på e-post til post@bremanger.kommune.no eller i brev til Bremanger kommune, postboks 104, 6721 Svelgen. Du kan søkje, og få tilsagn om tilskot, ved planlagt bygging, men tilskotet vert ikkje utbetalt før du kan legge fram ferdigattest for bustaden.

Kva må søknad innehalde?

Søknad må innehalde opplysningar om kvar bustaden skal byggjast, kor tid du vil flytte til kommunen dersom du ikkje allereie har folkeregistrert adresse i Bremanger kommune og kva kontonummer tilskotet skal utbetalast til.