Skal du rive eit bygg eller eit tilbygg?

Riving av bygning kan vere både søknadspliktig etter plan- og bygningslova, og unnateke søknadsplikt. Det kan vere du kan søke og rive sjølv, eller at det må vere fagfolk (eit ansvarleg føretak) som står for både søknad og utfører rivinga.

Kva bygg kan du rive utan søknad til kommunen?

Du kan rive bygning utan å søke, dersom bygningen oppfyller dei same vilkåra som for bygging utan søknad. Fylgjande vilkår må vere oppfylt for å rive utan søknad:

  • Bygningen er frittliggande.
  • Bygningen er plassert på utbygd eigedom (definert som minst utbygt med bygg til bustad-/fritidsbustadføremål).
  • Bruksareal (BRA) eller utbygd areal (BYA) maks 50 m2.
  • Bygningen er ikkje innreia for varig opphald (ikkje for overnatting).
  • Mønehøgde maks 4,0 meter.
  • Gesimshøgde maks 3,0 meter.
  • Bygningen er oppført i ein etasje, og utan kjellar.
  • Bygningen ligg lenger vekk enn 1 meter frå nabogrensa.
  • Bygningen ligg lenger vekk enn 1 meter frå anna bygning.
  • Bygningen er ikkje plassert over vass- og avlaupsleidning.
  • Bygget er oppført etter år 1900. For alle eldre bygg bør du kontakte kommunen for å få vurdert om bygningen har noko særskilt vern eller om bygget kan rivast utan søknad.
  • Bygningen ligg ikkje innanfor eit område som er bevaringsverdig eller har omsynssone kulturmiljø i arealplan (t.d sjøhusmiljøa i Kalvåg, Struen, Iglandsvik).
  • Tilbygg med samla bruksareal (BRA) eller utbygd areal (BYA) under 15 m2.

Bygningar som du kan rive utan å søke må vere i samsvar med desse vilkåra. Dette er typisk enkle garasjar, carport, uthus, mindre landbruksbygg og liknande. Det er ditt ansvar å forsikre deg om at vilkåra er oppfylt. Dersom bygningen er eldre enn frå før 1850 eller inngår i eit bevaringsverdig kulturmiljø vil riving vere søknadspliktig.

Søke og rive sjølv

Hovudregelen er slik at du kan rive sjølv det som du kan bygge sjølv, utan fagfolk. Dette er typisk tilbygg inntil 50 m2, og enkle frittliggande bygningar inntil 70 m2. Meir informasjon finn du i artikkelen vår om kva tiltak du kan gjere utan fagfolk.

Reglane går fram av byggesaksforskrifta §3–1.

Søke med hjelp av fagfolk

For alle større rivetiltak må du ha eit ansvarleg føretak til å søke og utføre sjølve rivinga. Søknaden må bli utforma av eit føretak med kompetanse til å gjennomføre slik søknadsprosess (ansvarleg søkar). Det kan vere ein byggmeister, entreprenør eller arkitekt.

Dette gjeld mellom anna bygningar som tilbygg over 50 m2, garasjar/uthus over 70 m2, bustadhus, kårhus, hytter, konstruksjonar og liknande.

Gje alltid beskjed når riving er ferdig

Sjølv om du kan rive utan å søke, må du gje beskjed til kommunen når rivinga er ferdig. Dette gjer du ved å sende inn meldingsskjema og markert kart til kommunen via post. På kartet skal lage kryss over bygget som har blitt rive.

Postadressa til kommunen er Postboks 104, 6723 Svelgen.

Meldingsskjema for bygg unnateke søknadsplikt (PDF, 910 kB)

Kommunekart over Bremanger

Avfallshandtering

Uansett kva bygg du skal rive må du gjere ei kartlegging av materialane som er brukt, og syte for at materialane blir sortert og handtert i samsvar med gjeldande regelverk for avfall. Ver særleg merksam på eventuelt farleg avfall. Nedanfor er to nyttige lenkjer med meir informasjon om avfallshandtering. 

Miljødirektoratet sin artikkel om avfallstyper 

Informasjonsskriv om byggavfall frå NHP-nettverket. (PDF, 3 MB)