Nabovarsel

Dersom du skal byggje eller gjere tiltak som krev byggjesøknad eller du skal dele eigedom, må du varsle naboane. Du treng ikkje varsle naboane for tiltak som ikkje påverkar dei, som t.d innvendige endringar i bygg.

Når du har samla alle dokumenta du treng til bygge- eller delingssøknaden din, må du varsle naboane. Dersom du nyttar digitale løysingar for nabovarsel som t.d e-torg vil du få oversikt over kven som skal varslast. Elles kan du ta kontakt med kommunen for å få naboliste dersom du er usikker på kven som skal ha varsel.