Dette kan du byggje sjølv

Korleis søkje om løyve til tiltak du sjølv kan stå føre

Denne informasjonen er tilpassa søknad om tiltak utan ansvarsrett, dvs. der du som privatperson sjølv står ansvarleg for arbeidet. Det kan også vere eit godt utgangspunkt for meir kompliserte søknader. 

Korleis lage ein byggjesøknad

Når du har gått gjennom punkta under vil du vere klar til å sende inn søknaden.

 

Når søknaden er komplett kan du sende denne til:
post@bremanger.kommune.no

Du kan også sende det i posten til: 
Bremanger kommune, Postboks 104, 6721 SVELGEN.

Tidsfristar og priser

Tidsfristane  for kommunen si sakshandsaming er avhengig av fleire forskjellige forhold. For tiltak som krev dispensasjon, tiltak der nabo har merknader og når det er nødvendig å innhente uttalar frå andre myndigheiter.

Du må betale gebyr for å få handsama byggjesøknad. Gebyret må betalast sjølv om du skulle få avslag på søknaden. Dersom søknaden har manglar kan det også bli tillegg i gebyret.

Gebyrregulativ 

Innsyn i byggjesaker 

Byggje-, dele- og plansaker er tilgjengeleg i kommunen si innsynsløysing

Korleis klage på eit byggjevedtak 

Kven kan klage og kva er fristen for å klage

Ferdigattest og bruksløyve 

I saker som tiltakshavar sjølv står føre (tiltak utan ansvarsrett) er det tiltakshavar som sjølv skal sende inn søknad om ferdigattest.

For tiltak med krav om ansvarlege føretak er det stort sett ansvarleg søkjar som sender søknad om mellombels bruksløyve eller ferdigattest. Ved tiltak med krav om ansvarlege foretak må søknad om mellombels bruksløyve og ferdigattest ha desse vedlegga: 

  • Sluttrapport for avfall (berre ved rivingstiltak eller bygging av større bygg)
  • Gjennomføringsplan
  • Dokumentasjon på plasseringa av tiltaket 

Dersom det er gjort mindre endringar frå opprinneleg løyve, som ikkje er søknadspliktige, må dette leggjast ved søknaden: 

  • Oppdatert situasjonsplan
  • Oppdaterte teikningar 
  • Dokumentasjon på plassering av tiltaket slik det er utført

 

Informasjon om søknad om ferdigattest eller mellombels bruksløyve