Søkjar kan ikkje vere busett i bustaden før søknadstidspunktet.
Bustaden skal ikkje nyttast til næring eller kortidsutleige som Airbnb og liknande. Ein husstand kan berre få eitt tilskot, og berre ein gong. Ved tilskot til bygging av bustad må bygginga vere begynt innan 1 år etter innvilga tilskot. Dersom ikkje, fell tilskotet bort.
Det vert ikkje gjeve nytt tilskot til nybygg etter brann eller anna form for skade som blir dekka av forsikringar.