ServeringsløyveDersom du vil starte ei verksemd der det skal serverast mat og/eller drikke må du ha serveringsløyve. Krav til dei som skal vere ansvarleg for serveringa Dagleg leiar ved serveringsstaden må ha bestått etablerarprøvaDagleg leiar ved staden må vere myndigDagleg leiar må vere tilsett ved staden eller arbeide der i kraft av at dei eig serveringsstadenLeiaren må ha det reelle ansvaret for driftaDet er krav om uklanderleg vandelVed eigarskifte må det søkjast om nytt løyve innan 30 dagar etter at de inngjekk avtale om overdragingDersom det skal skjenkast alkohol må dagleg leiar og vara ha godkjend kunnskapsprøve i alkohollova og det må søkjast om skjenkeløyve Korleis søkje serveringsløyve Søknadsskjemaet er elektronisk. Søk om serveringsløyve Vedlegg som må følgje søknaden:Dokumentasjon på at leiar har bestått etablerarprøvaDokumentasjon på at styrar og vara er tilsett ved serveringsstadenFirmaattest for bevillingssøkjaren og eigarar med vesentleg eigardelPlanteikning over serveringsstadenBruksløyve frå bygningsmyndigheiteneKopi av melding til MattilsynetSkatteattestVandelsattest frå politiet Handsamingstid Kommunen handsamar søknaden innan tre månader etter at den fullstendige søknaden er komen inn. Vi sender søknaden på høyring til politiet. Merk deg at handsaming kan ta lenger tid dersom høyringspart har merknad til søknaden. Lovar og reglar ServeringslovaAlkohollovaAlkoholforskriftaAlkoholpolitisk plan (PDF, 860 kB) Publisert 08.04.2024 11.14 Sist endra 01.11.2024 09.25