Salsløyve for alkoholButikkar som skal selje alkohol, må søke om salsbevilling. Salsbevilling gjeld for drikke med høgst 4,7 volumprosent alkohol. Bensinstasjonar, kioskar og gatekjøkken kan ikkje få salsbevilling. Krav til dei som skal selje alkohol? Styrar og vara ved salsstaden må ha bestått kunnskapsprøva.Styrar og vara ved salsstaden må vere over 20 år. Styrar og vara må vere tilsett ved salsstaden, eller arbeide der i kraft av at dei eig salsstaden. Det er krav om uklanderleg vandel. Ved eigarskifte må det søkjast om nytt løyve innan 30 dagar etter overdraginga. Korleis søkje salsløyve for alkohol? Søknadsskjemaet er elektronisk. Vedlegg må lastast inn i søknadenSøk om salsløyve for alkohol Vedlegg som må følgje søknaden Dokumentasjon på at styrar og vara på salsstaden har bestått kunnskapsprøva.Dokumentasjon på at styrar og vara er tilsett ved salsstaden.Firmaattest frå Brønnøysundregistra for den som søker bevillinga.Planteikningar over arealet og funksjonane i lokalet.Bruksløyve frå bygningsmyndigheitene.Skatteattest.Vandelsattest frå politiet. Handsamingstid Kommunen handsamar søknaden innan tre månader etter at den fullstendige søknaden er komen inn. Vi sender søknaden på høyring til politi og sosialtenesta. Merk deg at handsaminga kan ta lenger tid dersom høyringspartane har merknader til søknaden. Søknaden vert politisk vedteken av kommunestyret. Lovar og reglar Alkoholpolitisk plan for Bremanger kommune (PDF, 860 kB)Alkohollova Alkoholforskrifta