Regelverk for sal, servering og skjenking av alkoholAlle som har fått ei bevilling er ansvarleg for å sette seg inn i og følgje regelverket. Her finn du oversikt over dei viktigaste regelverka. Alkoholpolitisk plan for Bremanger kommune Planen omtalar Bremanger kommune sin alkoholpolitikk. Den skal gje trygge rammer for både innbyggjarar og næringslivet og avgrense dei samfunnsmessige og individuelle skadar som alkoholbruk kan innebere.Alkoholpolitisk plan for Bremanger kommune (PDF, 860 kB) Alkohollova Lova skal avgrense dei samfunnsmessige og individuelle skadar som alkoholbruk kan føre til. I tillegg skal lova til dømes hindre økonomisk kriminalitet, hindre omsetnad av narkotika og diskriminering.Alkohollova Alkoholforskrifta Forskrifta inneheld reglarom korleis ein skal utøve si sals- eller skjenkebevillingfor tildeling av prikkarfor inndraging av bevilling ved brot på alkohollova Alkoholforskrifta Serveringslova Lova skal sikre forsvarleg drift av serveringsstadar, både av hensyn til næringa, gjestane, tilsette og samfunnet elles. Serveringslova Internkontroll etter alkohollova for sal- og skjenkestadar Alle sal- og skjenkestadar må ha eit system og rutinar for å sikre at alkoholregelverket vert overholdt. God internkontroll gjev enklare drift, tryggare tilsette og nøgde gjestar.Internkontroll etter alkohollova Publisert 08.03.2024 13.05 Sist endra 08.03.2024 13.48