Omsetnadsoppgåve/avgift

Alle som har ei sals- eller skjenkebevilling må levere ei omsetnadsoppgåve og betale avgift kvart år. Storleiken på avgifta er avhengig av kor mykje alkohol du har selt. 

Når året er slutt skal du sende inn ei oppgåve over kor mykje alkohol du har solgt.  Du skal i same oppgåva opplyse kor mykje alkohol du vil selje det innverande året.  

Gebyret du får vert berekna etter kor mykje alkohol du har solgt i løpet av året.  

Alle må betale eit minimumsgebyr både for sal og skjenking. Desse satsane vert endra kvart år. Du finn satsane i alkoholforskrifta.

Kommunen vil minne deg om fristen for å sende inn oppgåva kvart år.

Du må leggje ved stadfesting på kjøp av alkohol frå leverandørane dine i den perioden oppgåva gjeld for.

Elektroniske skjema for omsetnadsoppgåve

Omsetnadsoppgåve for sal av alkohol

Omsetnadsoppgåve for skjenking av alkohol