Kunnskapsprøve for sal/skjenking av alkoholSkal du vere styrar eller vara på ein stad med sal- eller skjenkebevilling må du ha bestått kunnskapsprøva.Det er ulike prøver for sal og skjenking. Kor kan du ta kunnskapsprøva? Prøva tek du på servicekontoret på rådhuset. Ta kontakt for å avtale tid på telefon 57 79 63 00. Gjennomføring av prøva? Ta med gyldig legitimasjon (pass, førarkort eller bankkort med fødselsnummer og bilete).Prøva er ei fleirvalsprøve på 60 minutt. Du må svare riktig på 24 av 30 spørsmål.Prøva er på norsk. Du kan ikkje ha med tolk, men du kan bruke norsk ordbok.Prøva er elektronisk.Du kan ta prøva på nytt heilt til du består. Har du spesielle behov slik at du treng tilrettelegging? Dersom du treng tilrettelegging, til dømes ved dysleksi. Kan du få utvida tid med inntil 30 min til å gjennomføre prøva. Dette må dokumenterast.Informer gjerne om dette når du avtalar tid for prøve. Prisar Det kostar kr 400,- for å ta kunnskapsprøva. Du får tilsendt faktura frå økonomikontoret i ettertid. Kva kunnskap må du har for å gjennomføre prøva? Pensum for salsbevilling: Alkohollova kapittel 1, 3, 7-9 og alkoholforskrifta kapittel 1-3, 5-6, 8-11, 14Pensum for skjenkebevilling: Alkohollova kapittel 1, 4-5, 7-9 og alkoholforskrifta kapittel 1-2, 4-6, 8-11, 14Pensum for kontrollørar: Alkohollova kapittel 1, 3-5, 7-9 og alkoholforskrifta kapittel 1-6, 8-11, 14 Du kan kjøpe læremateriell hos Vinn. Diplom/bevis Alle som består kunnskapsprøva får eit prøvebevis, dette er det viktig å ta vare på. Det er dokumentasjon på at du har den kunnskapen om alkohollovgjevinga du treng for å selje/skjenke alkohol.Diplomet/beviset er gyldig på ubestemt tid. Det vert sendt til deg i etterkant. Lovar og reglar AlkohollovaAlkoholforskrifta Publisert 11.03.2024 13.48 Sist endra 01.11.2024 09.25