Kontroll av sal- og skjenkestadarDet er bevillingshavar som er ansvarleg for at ein driv sal og skjenking etter regelverket. Kommunen tek lovbestemte kontrollar på alle sals- og skjenkestadar fleire gongar i året. Kva ser kontrollørane etter ved kontroll? Dette ser kontrollørane etter:Sal eller skjenking av alkohol til mindreårigeSal eller skjenking av alkohol til personar som er tydeleg påverkaSal eller skjenking av alkohol utover fastsett sals- eller skjenketidOmsetning eller bruk av narkotika på skjenkestadenDiskriminering av gjestarUforsvarleg driftInternkontrollHindring av skjenkekontrollBrot på forbodet mot alkoholreklameAlkohol som vert teken med ut av skjenkeområdetMedbragt alkohol som vert konsumert inne på skjenkeområdet Kva skjer dersom det vert oppdaga mogeleg brot på alkohollova? Den ansvarlege på staden får beskjed om kva kontrollør har observert, dersom det er mogleg brot på regelverk.Bevillingshavar får brev med resultat av kontroll og kontrollrapporten frå kommunen.Bevillingshavar får anledning å kommenterer rapporten før kommunen gjer konklusjon i saka.Konkludera kommunen med brot på regelverket, vert det tildelt prikkar.Får ein tolv eller fleire prikkar i løpet av to år vert bevillinga inndratt for ein periode. Oversikt over kor mange prikkar ein får ved brot på regelverket 8 prikkarSal og skjenking til mindreårigeBrot på bistandspliktaBrot på kravet om forsvarleg driftHindring av kontroll 4 prikkarSal og skjenking til tydeleg berusa personBrot på sals- og skjenketiderSkjenking av sprit til person mellom 18 og 20 årBrot på alderskrav til den som sel eller skjenker alkohol 2 prikkarTydeleg påverka person i lokaleManglar ved internkontrollsystemManglande levering av omsetnadsoppgåveManglande betaling av avgiftBrot på reglar om styrar og varaGjentatt diskrimineringGjentatt narkotikaomsetnad 1 prikkBrot på reglane om alkoholfrie varerBrot på reglane om plassering av alkoholhaldig drikk på salsstadenBrot på reglane om skjenkemengde for brennevinBrot på vilkår i bevillingsvedtaketKonsum av medbragt alkoholGjestar tek med alkohol utBrot på reklameforbodet Lovar og reglar AlkohollovaAlkoholforskrifta Publisert 08.03.2024 12.06 Sist endra 01.11.2024 09.25