Går du med tankar om å starte eiga bedrift eller har du nyleg starta, men føler at det er mange vanskelege avgjersler å ta?
Vil du vite kva som vert krevd (personleg og formelt) for å starte og drive ei bedrift, korleis du skal gå fram og kven som kan hjelpe deg i og etter etablerarprosessen?
Vi har gode erfaringar med arbeid knytta til selskapsetablering og planleggings- og etableringsfasen for nye føretak. Vi kan hjelpe deg.
Bremanger kommune gjev gratis etablerarrettleiing til dei som ønskjer å etablere verksemda si i Bremanger kommune.
Ta kontakt med vårt kontor for meir informasjon og rettleiing.
Publisert 07.06.2024 10.40
Sist endra 16.12.2024 08.11