Strandrydding

Bremanger kommune samarbeider med Fjordane Friluftsråd. Saman oppmodar vi alle til å arrangere og delta på ryddearrangement. 

Mann under ryddeaksjon held opp ein gamal støvel. - Klikk for stort bilete Fjordane Friluftsråd

Gratis posar og hanskar

Du kan hente gratis posar og hanskar til oppryddingsarbeid på ulike sted i kommunen. 

Finn utsatte områder

På nettstaden Ryddenorge.no kan du sjå dei tidlegare aksjonane vi har hatt i kommunen. Dette kan gje ein idé om områder det ofte samlar seg opp avfall, slik som Storøystumpen der vi har hatt store dugnadar mot marint avfall.  

Levering av avfall

Vi har ulike sted du kan levere marint avfall frå ryddeaksjonane Fjordane Friluftsråd kan også ordne container til ryddearrangement på førehand. 

Det er viktig at du sorterer avfallet før du leverer det til miljøstasjonen eller kastar det i søppelet heime. Dette er for å unngå skade på menneska, miljø og maskinene på miljøstasjonen. 

Det du må sortere er

  • farleg avfall (t.d. sprayboks, batteri, gassflasker, kjemikalier).
  • metall.
  • elektronisk avfall.
  • tau og fiskereiskap.

Vi vil rydde med deg!

Du kan ta kontakt med Fjordane Friluftsråd direkte eller bruk Ryddenorge.no til å offentleggjere ryddearrangement. 

Fjordane Friluftsråd dekker ulike utgifter til arrangement for rydding av marint avfall. Du finn søknadsskjema på heimesida deira. 

Heimesida til Fjordane Friluftsråd

Sosiale media

Ta kontakt med grendalaget i ryddeområdet eller legg ut eit innlegg på dei mange facebook-gruppene i kommunen!

Bremanger Frivilligsentral

Vi kan ordne eit samarbeidsarrangement med deg! 

Vi har også ei støtteordning som dekker utgifter knytt til alle slags ryddearrangement. Det kan gå til til dømes mat ved arrangementstedet og transport. 

Nyttig informasjon

Tryggleiksretningslinjene til Hold Norge Rent (PDF, 5 MB)

Rydderettleiaren til Hold Norge Rent (PDF, 7 MB)