Spesielle miljøtilskot i landbruket (SMIL)

Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) handlar om å gjennomføre miljøtiltak forbi det som er forventa av vanleg jordbruksdrift. 

Kva går tilskotet til?

Målet med SMIL er å fremje natur- og kulturminneverdia i kulturlandskap i jordbruket og redusere forurensninga fra jordbruket.  

Fleire aktuelle tiltak og tilskotssatsar er skildra i Bremanger kommune sin strategiplan for miljøtilskot. 

Strategiplan for miljøtilskot (PDF, 492 kB)

Kven kan søkje om tilskot?

Både eigar og leigar av ein landbrukseigedom med jordbruksproduksjon kan søkje tilskot til planlagte miljøtiltak. Den som leiger må ha godkjenning fra eigaren. 

Søknadsprosess

Kommunen utbetaler innvilga tilskot etterskotsvis når tiltaket er gjennomført. 

Meir informasjon

Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) - Landbruksdirektoratet