Miljøfyrtårn

Rådhuset i Bremanger kommune vart sertifisert 12. mars 2024.

Dette inneber at vi oppfyller ei rekke strenge kriterium innan avfall/ombruk, energi, innkjøp, transport og arbeidsmiljø.

Metallplansje med Miljøfyrtårnsertifiseringa til Bremanger Kommune - Klikk for stort bilete

Miljøfyrtårn er eit verktøy for å konkretisere klima, miljø og berekraftarbeidet og setje det i system. Diplomet vi mottok er eit symbol på at vi har gjort nettopp det og er klare for å arbeide med konkrete tiltak for å redusere vårt eige klimafotavtrykk, som er det overordna målet med Miljøfyrtårnsertifiseringa.

Det er rådhuset som er sertifisert og ikkje Bremanger kommune. Det er ein føresetnad når vi no skal i gong med å sertifisere dei andre kommunale einingane. 

Har du innspel til arbeidet?