Regionalt miljøtilskot i jordbruket (RMP)

Ordninga gjeld tilskot for å gjere miljøtiltak på eigen gard eller leigejord. Tilskota skal stimulere til miljøvennlege driftsformer og produksjon av miljøgode for samfunnet.

Tiltaka omfattar desse hovudområda:

  • redusere forureining til vatn og luft
  • ivareta kulturlandskap og kulturminne
  • ivareta biologisk mangfald

Kvart fylke har eit eige miljøprogram med eit utval av miljøtiltak du kan få tilskot for å utføre. Desse vert oppdaterte årleg.