Alle føretak som driv plantedyrking og har rett på produksjonstilskot skal ha ein gjødselplan. Gjødselplanlegginga skal gje grunnlag for god avling, avgrense avrenning til vassdrag og tap av næringsstoff til luft frå jordbruksareala.
Gjødslingsbehovet skal vurderast ut frå jordprøveresultat (minimum kvart 4. - 8. år), avlingsnivå og vekst og gjødslingsnormer for området.
Gjødselplanen skal innehalde ei kartskisse som tydeleg viser inndelinga i skifte. Planen skal setjast for kvart skifte, og følgjande opplysningar skal vere oppgjeve:
- Jordbruksareal i dekar
- Jordart og jordanalysar for pH, fosfor, kalium og moldinnhald
- Forgrøde
- Årets vekst
- Forventa avlingsnivå pr. dekar
- Årets gjødslingsbehov for nitrogen, fosfor og kalium pr. dekar
- Husdyrgjødsel, slam og anna organisk gjødsel
- Type
- Mengde pr. dekar og forventa spreietidspunkt
- Mineralgjødsel
- Type
- Mengde pr. dekar og forventa spreietidspunkt
- Forgrøde
Krav til gjødselplanlegginga er fastsett i forskrift.
Forskrift om gjødslingsplanlegging