Konsesjon og eigedom

Konsesjonslova er styrande for alt kjøp og sal av fast eigedom. I konsesjonslova med tilhøyrande forskrift er det gjeve unntak frå konsesjonsplikt for enkelte typar eigedommar. 

Desse eigedommane er unnteke konsesjonsplikt etter konsesjonslova og forskrift om konsesjonsfrihet mv. utan krav om eigenfråsegn:

  • Eigarseksjon eller del i burettslag eller bustadbyggjelag
  • Utbygt eigedom der arealet er under 2 daa. For at tomten skal reknast som utbygt må det vere bygt tilsvarande småhus på tomten. Det er ikkje tilstrekkeleg at det står ein garasje eller uthus på tomten.
  • Mindre areal som grensar til og skal leggjast til ein allereie eksisterande utbygd eller ikkje-utbygt tomt, når samtykkje til frådeling av arealet er gjeve til dette formålet etter plan- og bygningslova og eventuelt etter jordlova i område der jordlova gjeld. I slike tilfelle kan tinglysinga krevje at kommunen stadfester at arealet er tilleggsareal til eksisterande tomt.  

 

Eigenfråsegn om konsesjonsfridom

Ein del eigedomar er unnteke konsesjonsplikt etter konsesjonslov- og forskrift, men du må sende inn Eigenfråsegn om konsesjonsfridom til kommunen

Kommunen må godkjenne denne og registrere den i eigedomsregisteret (matrikkelen) før du kan sende skøyte på eigedommen til tinglysing.  

 

Søknad om konsesjon

Dersom du skal overta landbrukseigedom eller kjøpe annan eigedom må du søkje om konsesjon dersom ikkje vilkår for konsesjonsfridom er oppfylte. Du må også søkje om konsesjon dersom du skal overta eigedom som har meir enn 35 daa fulldyrka eller overflatedyrka jord eller meir enn 500 daa produktiv skog og du ikkje skal oppfylle buplikta (busetje deg på eigedommen innan eitt år og bur der i minst 5 år).

Formålet med konsesjonslova er å få eit effektivt vern om  produksjonsareala til landbruke og sikre eigar- og bruksforhold som er mest tenleg for samfunnet. 

 

Buplikt

Det er to ulike former for buplikt:

  • Lovbestemt buplikt gjeld for nær slekt eller odelsrettshavar som overtek landbrukseigedom.
  • Buplikt kan også bli sett som vilkår for konsesjon. Det er då kommunen som avgjer om buplikta er personleg eller upersonleg og set frist for busetting på eigedommen og avgjer kor lenge buplikta skal gjelde.

 

Meir informasjon om buplikt kan du finne på Landbruksdirektoratet 

Driveplikt