Låne kontor og møterom på rådhuset

Kommunen har fleire gratis kontorplassar for frivillige lag og organisasjonar. Her kan du arbeide administrativt eller ha møter. 

Fargerike stolar rundt eit bord - Klikk for stort bileteMøterommet ligg i frivilligsentralen på rådhuset TT

Rådhuset har to gratis kontorplassar og eit møterom med plass til seks stykk. Her er det moglegheit for både fysiske og delvis digitale møter på storskjerm.

Kontoret og møterommet er i frivilligsentralen i kjellaren på rådhuset. Inngangen er gjennom BUA. 

Du kontakter Bodil Strømmen Edvardssen for å låne romma. Du må signere tausheitsplikt og gå gjennom brannrutina.