Badeplassar

Vi har omtrent uendelege med bademoglegheiter, men her er lista over etablerte og tilrettelagte område for bading.

Botnelabo badeplass

Ikkje langt frå sentrum i Kalvåg finn du Botnelabo. Stranda er ganske liten, men har sanitæranlegg og gratis parkering. 

Grotlesanden friluftsområde

Ytst ved Grotle er den kjente Grotlesanden. Her er det tilrettelagt rullematte ned i sjøen, parkeringsplass og sanitæranlegg. Merk at det kan vere parkeringsavgift nokre tidspunkt på sommaren. 

Hauesanden friluftsområde

På Davik ligg Hauesanden, ei trivleg lita sandstrand. Den ligg fint til nede ved fjorden og der er tilhøyrande sanitæranlegg. 

Tusenårsstaden Gloføyk 

Gloføyk i Skatestraumen er tusenårsstaden i kommunen, og er markert med informasjonsskilt som fortel om dei som budde i området i steinalderen. Stranda har sanitæranlegg og parkeringsplassar. 

Vetvika

Vil du ha ein ugløymeleg badeopplevelse må du ta utfordringa og reise til Vetvika. Hit kjem du berre med båt eller ved å gå over fjellet. Sanitæranlegget er ope om sommaren, normalt frå 1. mai. Opningstidspunktet kan vere noko ulikt her, då vêret bestemmer om vi kan nå vika med båt.