I Bremanger kommune er det mange ulike tilbod! Gjennom å delta i frivilligheita kan ein både dyrke interesser, lære noko nytt og bli kjent med andre og med plassen ein bur på.
Frivillige lag, organisasjonar og enkeltindivid har ei viktig rolle og deira innsats utgjer eit vesentleg bidrag til lokalsamfunnet. I tillegg til eit bredt og godt tilbod i den kommunale kulturskulen blir mykje av kultur- og idrettsarbeidet utført på frivillig basis. Dette skapar engasjement, inkludering og gode møteplassar. Kommunen si rolle i høve det frivillige er å være støttespelar, tilretteleggjar, koordinator og rettleiar.
Frå Temaplan barn og unge.
I Bremanger kommune kan ein delta på mykje forskjellig, og det finns mange moglegheiter innan idrett, kunst og kultur, natur- og friluftsliv, musikk og interesseorganisasjonar.
Oversikt over lag og organisasjonar
Vil du vere med?
Om du har lyst til å bli med på noko kan du ta direkte kontakt med den organisasjonen du tenker passar deg. Du finn kontaktinformasjon her på sidene, Facebook er også ein god plass å søke etter informasjon. Mange lag og organisasjonar har aktive Facebook-sider, eller heimesider.
Men har du lyst å vite litt meir om dei ulike moglegheitene, eller kanskje finn du ikkje det du leiter etter? Bremanger Frivilligsentral hjelper deg gjerne med informasjon og kontakt. Du kan ta kontakt på telefon eller e-post, eller gjennom å fylle ut dette skjemaet: