Bibliotek

Kva skjer ved biblioteka i Bremanger kommune – opningstider, tilbod og arrangement finn de her.

Det er to bibliotek i Bremanger kommune – hovudbiblioteket i Svelgen og Hauge filial

For oppdaterte opningstider sjekk heimesida til biblioteket Her finn du og informasjon om arranegement ved biblioteket, og moglegheit til å søkje i biblioteket sin database, og logge inn på “mine sider”.

Lokalhistorie 

Ved hovudbiblioteket i Svelgen finn ein og lokalsamlinga. Dette er ei samling av faglitteratur om Bremanger kommune opp gjennom tidene. 

Der er og eit fotoarkiv, og noko lokalhistorie frå gamle Sogn og Fjordane generelt. I tillegg finn ein her skjønnlitteratur av forfattarar med tilknytning til Bremanger kommune. 

Samlinga er tilgjengeleg i meirope tid, men merk at ikkje alt materiale er til heimelån. Ein del av samlinga kan ein berre lese i biblioteket, men ein kan og få kopi av sider eller kapitel ein treng til vidare arbeid.

Meirope

Hovudbiblioteket i Svelgen er meirope – som betyr at dersom du signerer ein kontrakt med biblioteket har du tilgang til lokalet frå 07:00 til 22:00 kvar dag heile året. 

Informasjon om tilbodet

Merk at du må fysisk innom bibliotek for å signere avtale og få tilgang første gongen.

Heimesida til Bremanger folkebibliotek