Vi tilbyr gratis vaksinering mot influensa og covid-19 til alle innbyggjarar i FHI-etablerte målgrupper i influensasesongen 2025/2026.
Informasjon om vaksineringa kjem seinare.
Målgruppene
Influensavaksine er anbefalt for:
- Alle over 65 år.
- Gravide frå veke 12, og i 1. trimester med tilleggsrisiko.
- Premature born (særleg før veke 32) frå 6 månadar til 5 år.
- Personar med:
- Kronisk lungesjukdom.
- Hjarte- og karsjukdom.
- Diabetes type 1 og 2.
- Leversvikt eller nyresvikt.
- Nevrologisk sjukdom eller skade.
- Nedsett immunforsvar.
- Alvorleg overvekt (KMI over 40).
- Anna alvorleg sjukdom etter legevurdering.
FHI: målgruppene for influensavaksine
Oppfriskningsdose av koronavaksine er anbefalt for:
- Personar 65 år og eldre, og sjukeheimsbebuarar.
- Personar 18–64 år i risikogrupper.
- Ungdom 12–17 år med alvorleg grunnsjukdom.
- Born 6 månadar–11 år med alvorleg grunnsjukdom etter vurdering frå lege.
- Gravide i 2. og 3. trimester (1. trimester ved tilleggssjukdomar).
FHI: målgruppene for koronavaksine
Dersom du har spørsmål kan du ta kontakt med Anita Brevik, driftssjef for Familie og helse.
Publisert 11.09.2024 10.46
Sist endra 18.07.2025 14.25