Menn i helseBremanger kommune tilbyr utdanning som helsefagarbeidar til vaksne arbeidssøkande menn med ønskje om å ta fagbrev.Menn i helse er eit prosjekt som tilbyr utdanning i helsefag for menn, både dei utan fullført utdanning frå før og dei som ønskjer nye karrieremoglegheiter. Kommunen tilbyr arbeidsplassar i utprøvingsperioden og i praksisperioden. Det er løna utdanning, delvis frå NAV og delvis frå kommunen.Informasjonsmøter i januarMenn i helse arrangerer uforpliktande informasjonsmøter for dei som er interessert og vil ha meir informasjon. Her vil det bli orientert om Menn i helse, utdanninga og jobbmoglegheitene. 21. januar kl. 14.00–1530 i Florø. Oppmøte Flora vidaregåande skule, Professor Gjelsvikveg 22, Florø. 22. januar kl. 14.00–15.30 på Nordfjordeid. Oppmøte er møterommet “Jektehola” på Rådhuset i Rådhusvegen 11, Nordfjordeid. Det er også møte i Sogndal, Førde, Styrn og på Dale i Sunnfjord. Meld deg på her!UtdanningsforløpNokre veker etter informasjonsmøta i januar opnast det for intervju. Utprøvingsperioden er på ein kommunal arbeidsplass og går over 12 veker. Etter utprøvingsperioden vil godkjente helserekruttar få tilbod om sommarjobb.I august startar opplæring i skule og praksis. Skuleopplæringa er digital via Firda vidaregåande skule. Du kan finne meir informasjon om prosjektordninga på mennihelse.noProsjektet er eit samarbeid med KS, helsedirektoratet og NAV. Publisert 02.01.2025 10.35 Sist endra 03.01.2025 09.33