Kva er tiltakspakken?
Tiltakspakken er ei samling av tiltak som skal følgje opp behova til heimebuande personar med demens og pårørande.
Du må søkje om tenesta og dersom du får innvilga tiltakspakken får du tildelt ei primærkontakt.
Primærkontakt
Primærkontakten er din kontaktperson som vil følgje opp deg og dine pårørande. Det er ein helsefagleg tilsett i kommunen.
Primærkontakten kjem på besøk eller tek kontakt minimum kvar 3–6 månad.
Primærkontakten følgjer opp eksisterande og nye behov.
Pårørande må gjerne delta på besøka i heimen.
Kva vil primærkontakten snakke med deg om?
- korleis du har det
- kva som er viktig for deg
- kosthald / ernæringsstatus
- vekttap
- om det er hinder i heimen som utgjer fare for fall
- om det er aktuelt å søkje andre tenester
Oppfølging
Oppfølginga går føre seg gjennom samtalar over tid og gjer at vi kan sjå endringar i helsetilstand, funksjon og trivsel mellom kvar gong vi pratar saman.
Vi tilbyr samtalar med pårørande.
Korleis kan eg få denne tenesta?
Du eller dine pårørande kan ta kontakt med heimetenesta, demenskoordinator eller sakshandsamar i kommunen. Dei vil kunne hjelpe deg å søkje på tenesta.
Demenskoordinator Linda Førde
Eg er her for å hjelpe deg og dine pårørande. Saman med meg er det fleire tilsette i kommunen som du vil møte dersom du får innvilga tiltakspakken.
Eg jobbar som demenskoordinator omtrent ein dag i veka. Send meg ein SMS så ringer eg deg neste kontordag!