Psykisk helseteneste og rusarbeid

Psykisk helseteneste er eit hjelpetilbod til menneske som av ulike årsaker har det vanskeleg. Det kan vere akutte kriser, vanskeleg livssituasjon, langvarige psykiske lidingar eller andre udefinerte grunnar som gjer at ein treng psykisk helseteneste. Tenesta yt hjelp ut i frå kvar enkelt sine behov, ressursar og mål. Arbeidet skal fremje god livskvalitet, sjølvstende og meistring av eige liv.

Vi har brukermedverknad i fokus og vår målsting er å fremme sjølvstende og evne til å meistre eige liv. Vi samarbeider ofte med fastlege, andre hjelpeinstanser og pårørende for at du skal få et helhetleg og best mogleg tilbod, dersom du gir oss lov til det.