ParkeringskortEr du bilførar eller passasjer som ikkje kan gå, eller har store vanskar med å bevege deg over ei viss lengde, og har eit særleg behov for å parkere nær bustad, arbeid og/eller anna aktivitet, kan du søke om parkeringskort. Kva er parkeringskort?Parkeringskort for forflytningshemma gjev deg høve til å parkere på offentlege parkeringsplassar merka for forflytningshemma, og er meint som eit hjelpemiddel for deg som har vanskar med å gå. Parkeringskortet er personleg og du kan nytte det i kva bil du vil. Kven kan få parkeringskort?Du kan få parkeringskort som bilførar eller passasjer. Parkeringskort for bilførar To vilkår må vere oppfylt for å få parkeringskort som bilførar:Du kan ikkje gå, eller har store vanskar med å bevege deg over ei viss lengde. Ei legeerklæring skal dokumentere dette. Erklæringa dannar det medisinske grunnlaget for vurderinga. Legeerklæringa kan ikkje vere eldre enn 6 månadar.Du må ha eit særleg behov for å kunne parkere nær bustad, arbeid og/eller anna aktivitet. I søknaden din må du få fram opplysningar som tilseier at du har eit særleg behov for parkeringslette. Det vil seie at du må beskrive kvifor du ikkje kan nytte parkeringsplassane på stadene du ofte besøker. Parkeringskort for passasjer Tre vilkår må vere oppfylt for å få parkeringskort som passasjer:Du kan ikkje gå, eller har store vanskar med å bevege deg over ei viss lengde. Ei legeerklæring skal dokumentere dette. Erklæringa dannar det medisinske grunnlaget for vurderinga. Legeerklæringa kan ikkje vere eldre enn 6 månadar.Du må ha eit særleg behov for å kunne parkere nær bustad, arbeid og/eller anna aktivitet. I søknaden din må du få fram opplysningar som tilseier at du har eit særleg behov for parkeringslette. Det vil seie at du må beskrive kvifor du ikkje kan nytte parkeringsplassane på stadene du ofte besøker.Du må ha behov for tilsyn/regelmessig hjelp av bilførar utanfor bilen. Legeerklæringa skal dokumentere dette. Om parkeringskort Varigheit Kortet gjeld vanlegvis i 2-5 år. Når parkeringskortet ditt har gått ut på dato, må du søkje på nytt. Pris Tenesta er gratis. Slik søkjer du Du søker ved å bruke elektronisk skjema eller papirskjema. Saman med søknaden må du levere: Legeerklæring. Legeerklæringa kan ikkje vere eldre enn 6 månadar.Bilete i passfoto storleik (bilete kan takast med mobil) Kopi av gyldig førarkort om du søkjer som bilførar Søk om parkeringskort elektroniskSøk om parkeringskort på papir (PDF, 78 kB)For fastlegen din Legeerklæring i Word format (DOCX, 76 kB) Utgått kort? Ved utgått kort må du sende oss ein ny søknad ved å bruke elektronisk skjema eller papirskjema. Saman med søknaden må du levere: Legeerklæring. Legeerklæringa kan ikkje vere eldre enn 6 månadar.Bilete i passfoto storleik (bilete kan takast med mobil) Kopi av gyldig førarkort om du søkjer som bilførar Søk om parkeringskort elektroniskSøk om parkeringskort på papir (PDF, 78 kB)For fastlegen din Legeerklæring i Word format (DOCX, 76 kB) Handsaming av søknaden Det er ingen søknadsfrist. Søknaden vert handsama etter kvart som den kjem inn. Dersom kommunen treng ytterlegare opplysningar, innhentar dei dette. Får du avslag på søknaden, vert det forklart kvifor i vedtaket. Behandlingstid er inntil tre veker. Forskrift og retningslinjer Forskrift om parkeringsløyve for forflytningshemmaRetningslinjer til forskrift (PDF, 2 MB)