FølgjekortDersom du har behov for følgje eller assistanse for å gå på kultur- og fritidsarrangement, nytte offentleg transportmiddel, kan du søkje om følgjekort.Med eit følgjekort kan du ta med deg ein følgjeperson utan ekstra kostnad på kultur- og fritidsarrangement, transportmiddel og liknande der ordninga er akseptert. Du må betale for deg sjølv på vanleg måte. Kortet er personleg. Kven kan få følgjekort? Følgjekort er berekna for personar med sjukdom eller nedsett funksjonsevne, som har behov for hjelp eller følgje over ein periode på minst to år. Følgjekort vil blant anna vere aktuelt for personar med: Rørslehemming Høyrselshemming Synshemming Utviklingshemming Allergiar Funksjonshemming som følgje av sjukdom, for eksempel psykiske lidingar, hjartesjukdommar, lungesjukdommar og anna. Det er ingen øvre eller nedre aldersgrense på følgjekort. Kor er følgjekortet gyldig? Følgjekortet gjeld for kultur- og fritidsarrangement, transportmiddel og liknande der ordninga akseptert. Varigheit Kortet er vanlegvis gyldig i fem år. Pris Tenesta er gratis. Slik søkjer du Du søker ved å bruke elektronisk skjema eller papirskjema. Saman med søknaden må du levere:Bilete i passfoto storleik (bilete kan takast med mobil)Dersom du har dokumentasjon som stadfestar trong for følgjekort, legg dette ved søknaden.Etter samtykke frå deg, innhentar vi informasjon om situasjonen din, frå instansar som t.d. fastlegen din. Søk om følgjekort elektroniskSøk om følgjekort på papir (PDF, 49 kB) Utgått kort Ved utgått kort må du sende oss ein ny søknad ved å bruke elektronisk skjema eller papirskjema. Saman med søknaden må du levere:Bilete i passfoto storleik (bilete kan takast med mobil)Dersom du har dokumentasjon som stadfestar trong for følgjekort, legg dette ved søknaden.Etter samtykke frå deg, innhentar vi informasjon om situasjonen din, frå instansar som t.d. fastlegen din. Søk om følgjekort elektroniskSøk om følgjekort på papir (PDF, 49 kB) Behandling av søknaden Det er ingen søknadsfrist. Søknaden vert handsama etter kvart som den kjem inn. Dersom kommunen treng ytterlegare opplysningar, innhentar dei dette. Får du avslag på søknaden, vert det forklart kvifor i vedtaket. Behandlingstid er inntil tre veker. Retningslinjer Rettleiande nasjonale retningslinjer for følgjekort Digitalt følgjekortBremanger kommune tilbyr digitalt følgjekort. Med appen “Ledsagerbevis” har du følgjekortet tilgjengeleg på telefonen din. Du kan også sjå følgjekortet ditt på ledsagerbevis.no.I søknaden spør vi kva for type kort du ønskjer, du kan velge om du vil ha fysisk eller digitalt. Digitalt følgjekort - Ofte stilte spørsmål Kor laster eg ned det digitale følgjekortet? Du laster ned appen “Ledsagerbevis” på telefonen din. Du kan også sjå følgjekortet ditt på ledsagerbevis.no.Last ned frå App StoreLast ned frå Google Play Eg har allereie fysisk kort, men ønskjer digitalt Dersom du har vedtak på følgjekort, og ønskjer digitalt kan du fylle ut det elektroniske skjemaet under. Du kan også kontakte servicekontoret på telefon 57 79 63 00. Digitalt følgjekort Eg vil dele kortet med andre Dersom du ønskjer at andre skal ha tilgang til kortet, kan du ordne dette via appen.I appen:Klikk på dei tre strekane oppe til høgreVel “Gi andre personar tilgang”Legg inn namn og telefonnummer til den som skal ha tilgangKlikk på “Gi tilgang”Personen som har fått tilgang får ein SMSPersonen lastar ned appen, og logga seg på med telefonnummer og kodeDu kan når som helst fjerne personar med tilgang til kortet.Alle som har rollen eigar eller administrasjonsrett får tilgang til denne funksjonaliteten dersom dei har norsk personnummer og er fylt 18 år. Eg er logga ut av appen Dersom du vert logga ut av appen, kan du logge inn på nytt med telefonnummer og koden du får tilsendt. Du må logge inn på nytt kvar 6. månad. Eg har bytta telefon Når du byttar telefon, må du laste ned appen på nytt og logge inn med telefonnummer og koden du får tilsendt. Eg har bytta telefonnummer Når du byttar telefonnummer, må du kontakte kommunen slik at vi kan registrere ditt nye nummer. Deretter kan du logge inn med ditt nye nummer og koden du får tilsendt. Utgått kort Ved utgått kort må du sende oss ein ny søknad ved å bruke elektronisk skjema eller papirskjema. Saman med søknaden må du levere:Bilete i passfoto storleik (bilete kan takast med mobil)Dersom du har dokumentasjon som stadfestar trong for følgjekort, legg dette ved søknaden.Etter samtykke frå deg, innhentar vi informasjon om situasjonen din, frå instansar som t.d. fastlegen din. Søk om følgjekort elektroniskSøk om følgjekort på papir (PDF, 49 kB) Lenkjer PersonvernerklæringTilgjengelegheitserklæring - “Digitalt ledsagerbevis” appTilgjengelegheitserklæring - “Digitalt ledsagerbevis" nettsideLedsagerbevis.no