Tildeling av tenester

Bremanger kommune har eit mål om at alle innbyggarar skal ha lik tilgang til gode helse- og omsorgstenester når ein har behov for det. 

Tenestene vi tilbyr

Slik søkjer du 

Du nyttar søknadsskjema for helse- og omsorgstenester i Bremanger kommune. I søknaden skriv du kva du treng hjelp til.

Elektronisk søknadsskjema

Søknadsskjema på papir (PDF, 123 kB)

Behandling av søknader

Tildelingsnemnda handsamar alle søknadane om tenester i Bremanger kommune. 

Vi behandlar søknadane så raskt som mogleg. Dersom du ikkje får svar innan ein månad, skal du ha fått melding om årsaka til det. 

Du får tilsendt eit grunngjeve vedtak.

Om tildelingsnemnda

Tildelingsnemnda har ansvar og skal syte for at alle innbyggjarane, som kvalifisere for det, får fagleg forsvarlege tenester.

Nemnda består av to sakshandsamarar og driftssjefane for heimeteneste og institusjonane i Bremanger Kommune.

Har du spørsmål? 

Dersom du har spørsmål om søknaden din kan du ta kontakt med sakshandsamar i nemnda. 

Sakshandsamarar:

  • Ida Kristin Skålbones
    Telefon 959 88 719
  • Hege Rosvoll
    Telefon 959 82 933 

Klage 

Er du usamd i innholdet i vedtaket, kan du kontakte Tildelingseininga. Om du ønsker å levere ei klage, må den være skriftlig og signert. Vi rettleier deg

Du kan be om at vedtaket ikke vert sett i gang før klagen din er ferdig behandla, dette kallas utsett iverksetting. Pasient- og brukerombodet i Vestland kan også hjelpe deg om du ønsker å klage. De kan rettleie deg om kva rettar du har i saka.

Pasient- og brukerombodet