Individuell plan (IP) skal bidra til at tenestemottakaren får eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod.
IP skal styrke samhandlinga mellom tenesteytar, tenestemottakar, eventuelt pårørande og etatar innan eit forvaltningsnivå- eller på tvers av forvaltningsnivå.
Koordinator er en tenesteytar som skal sikre nødvendig oppfølging og samordning av tenestetilbodet samt framdrift i arbeidet med individuell plan. Koordinator oppnemnast i forbindelse med individuell plan, men skal også tilbydast sjølv om vedkomande takkar nei til individuell plan. Formålet med koordinator er det same som for individuell plan.
Måla, ressursane og behova for tenester skal avklarast. Vidare skal det gjerast ei vurdering om tiltaka skal koordinerast.