Omsorgsbustadar

Omsorgsbustad er for deg som på grunn av sjukdom, alder eller funksjonshemming har vanskar med å bu i vanleg bustad. Omsorgsbustaden er heimen din, og du betalar husleige som i eit vanleg leigeforhold. 

Bremanger kommune har omsorgsbustader fleire stader i kommunen. På Davik er det på og ved Klokkartunet. I Svelgen er det på Hamretunet, Naustneset og i sentrum. I Ytre Bremanger har vi omsorgsbustadar på Haugetun- ved Haugetun og i Hogslia. Der er også nokre omsorgsbustadar knytt til institusjonane.

Kven kan få tilbod om omsorgsbustad?

  • Du må vere over 18 år og vere busett i Bremangerkommune
  • Du må ha ein helsesvikt eller vere fysisk eller psykisk funksjonshemma
  • Din noverande bustad må vere lite funksjonell og kan i liten grad tilpassast
  • Omsorgsbehovet må vere av varig karakter
  • Andre hjelpetiltak eller tilpassing av heimen skal vere utprøvd
  • Omsorgsbustad kan bli tildelt som ei mellombels løysing, dersom det kan betre funksjonsevna og du kan flytte tilbake til eigen bustad seinare
  • Tildeling av omsorgsbustad vil hindre eller utsetje institusjonsopphald

Søknad

I søknaden skriv du kva du treng hjelp til. Dersom nokon hjelper deg å fylle ut søknaden, må du fylle ut ei skriftleg fullmakt og legge ved. Du brukar felles søknadsskjema om helse- og omsorgstenester i Bremanger kommune. Det er ikkje søknadsfrist. Søknadene vert behandla fortløpande.

Elektronisk søknadsskjema

Søknadsskjema på papir (PDF, 80 kB)

Prisar

Kommunestyret fastset husleigeprisane årleg

Gebyrregulativ

Behandling av søknad

Søknad om omsorgsbustad vert behandla av tildelingsteamet i Bremanger kommune. Søknad vert vurdert med grunnlag i innhenta informasjon og funksjonsvurdering (IPLOS). Vi behandlar søknaden så raskt som mogleg. Dersom du ikkje får svar innan ein månad, skal du ha fått melding om årsaka til det. Du får tilsendt eit grunngjeve vedtak. 

Du kan klage på vedtak om helse- og omsorgstenester innan fire veker etter at du mottok brevet. Du må grunngje klagen din. Send klagen til Bremanger kommune, postboks 104, 6721 Svelgen.

Har du spørsmål?

Dersom du har spørsmål om søknaden din, kan du ta kontakt med tildelingsnemnda i Bremanger Kommune.

Lover og forskrifter

Helse- og omsorgstenestelova