Institusjonar

Bremanger kommune har to sjukeheimar, Bremanger sjukeheim i Kalvåg og Svelgen omsorgssenter i Svelgen.  Desse har tilbod om korttidsplass, langtidsplass og avlastning. 

Kven kan få sjukeheimsplass?

  • Dersom du på grunn av sjukdom, skade eller andre årsaker ikkje klarer deg i eigen heim, kan du få tilbod om opphald på sjukeheim
  • Før det vert tildelt plass, skal heimetenester vere vurdert eller prøvd ut
  • Søkjar som har behov for tilsyn og pleie heile døgnet i ei avgrensa periode kan få tilbod om korttidsplass
  • Søkjar som har eit særskilt stort hjelpebehov kan få tilbod om langtidsplass
  • Avlastningsopphald er eit tilbod til personar som har omfattande omsorgsbehov, og til deira pårørande som har det daglege omsorgsansvaret. Formålet er å gi omsorgspersonar som har særleg tyngjande omsorgsoppgåver nødvendig fri og avlastning, samtidig som den som treng omsorg får trygg og god pleie i ein institusjon. Opphaldet kan vere planlagt eller akutt, og blir tilpassa individuelle behov

Søknad

Du bruker søknadsskjema for helse- og omsorgstenester i Bremanger kommune. Du må grunngje søknaden din. Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden, må du fylle ut ei fullmakt og sende med søknaden. Det er ikkje søknadsfrist.  

Informasjon om søknad og tildeling lenke til artikkel om tenestetildeling.

Elektronisk søknadsskjema

Søknadsskjema på papir (PDF, 123 kB)

Prisar

Det er eigenbetaling for langtidsopphald og korttidsopphald i institusjon. Avlastningsopphald er gratis. For korttidsopphald over 60 døgn er det eigenbetaling etter satsar for langtidsopphald

Informasjon om betaling 

Institusjonar

Så langt råd er blir det teke omsyn til kva institusjon du ynskjer plass på.