Psykososialt kriseteam

Kommunen har ansvar for å gje eit heilskapleg og samordna hjelpetilbod til mennesker i kommunen. Ein del av dette ansvaret er å yte eit koordinert tilbod av kommunale tenester og psykososiale tiltak ved kriser, ulukker og katastrofer. 

Psykososialt kriseteam si oppgåve er å samordne den psykososiale innsatsen som trengs i ein krisesituasjon og sikre at dei som er råka får nødvendig oppfølging. Kriseteamet arbeider proaktivt og skal vere ein ressurs som gjev krisehjelp til enkeltpersonar eller grupper av personar i ein krisesituasjon.

Det er Legevakt, politiet eller 113 som varslar kriseteamet.

Leiar for det psykososiale kriseteamet i Bremanger Kommune

Anita Brevik
Telefon 959 82 939